Om oss

Om oss

Arbeid levert til rett pris og avtala tid

M K Myklebust Entreprenør AS vart etablert som eit personleg selskap i 1970, deretter omdanna til AS i 1998. Vi held til i Dale i Fjaler kommune og tek oppdrag både i Sogn og Fjordane og Hordaland. Vi har vakse gradvis og er per i dag 16 tilsette. Vi disponerer ein moderne og godt vedlikehelden maskinpark, som syt for at arbeidet vert utført trygt og effektivt.

Godt rykte og lokalkjennskap har gjeve oss mange oppdrag via tilrådingar frå nøgde kundar, noko vi set stor pris på. Vi har stort fokus på å levere feilfritt og godt utført arbeid til rett pris og avtala tid. Kundane våre er både privatpersonar og føretak, entreprenørar og offentlege etatar.

Vi innehar

  • Sentral godkjenning for ansvarsrett etter plan og bygningslova
  • Godkjenning som opplæringsbedrift for anlegg og bergverksfag i OKAB
  • Godkjenning som leverandør i Startbank (bygg- og anleggsnæringa sitt leverandørregister)
  • ADK-1- sertifikat for vass- og avlaupsanlegg
  • Sertifikat for bergsprengar og bergsprengingsleiar
  • Medlemskap i MEF (Maskinentreprenørenes Forbund)
ansvarsrett_logo_rgb_liten
mef
okab
startbank-stor

Kontakt oss

Har du spørsmål kring nokre av tenestene våre? Send oss ei melding, så kjem vi attende til deg – eller ring oss for ein hyggeleg og uforpliktande prat!

Telefon:
57 73 63 90

E-post:
post@mkmyklebust.no

Adresse:
Hatledalen, 6963 Dale

Send oss ei melding